I førre veke vart statsbudsjettet lagt fram. Denne dagen er ein av få dagar i løpet av året at eg pratar om andre ting enn landbruks- og matpolitikk (83 % av budsjettet vårt er allereie bestemt tidlegare i år, så det kjem svært lite nytt her). I år vart eg sendt til Hedmark for å legge fram den glade bodskap om eit budsjett for arbeid, aktivitet og omstilling.
På Hamar valde vi å presentere budsjettet på Hedmark kunnskapspark. Der finn vi mange av dei heltane vi må løfte fram og som blir viktige i det grøne skiftet. Gründarar med ein ny idè, som tør å satse, som tør å kombinere kunnskap på nye måtar. Formuen til Noreg er ikkje på havbotnen, men i hovuda til folk. Det er viktig vi har gode rammevilkår for desse menneska.
Hjå Hedmark kunnskapspark møtte vi mellom anna bedriften Claylab, som er ei relativt nystarta bedrift som presenterer statistikk og data på ein forståeleg måte ved hjelp av kart. Eit ungt par satsa alt og skapte sine eigne arbeidsplassar innanfor noko dei tykkjer er moro og som dei kan. Slike treng vi fleire av!
Eg er oppteken av at vi politikarar ikkje skal plukke vinnarar. Det er vi elendige på. Som politikar får du ofte spørsmålet: "Kva skal vi satse på?" eller "kva meiner du vi skal satse på?". Svaret på det er at vi som politikarar ikkje er egna til å svare på det. Hadde eg visst kva det lønna seg å satse på, hadde eg vore gründer, ikkje politikar. Det er dei sjølvstendig næringsdrivande som sjølv må finne ut kva dei skal satse på. Og så må vi som politikarar legge til rette for vekst med generelle verkemiddel, som potensielt kan kome alle til gode.
Det er det dette budsjettet gjer. Vi satsar på skatteletter, infrastruktur, forsking og utdanning og ikkje minst ei rekkje gründertitak som kjem gründarar over heile landet til gode. I dag blir det også lagt fram ein gründerplan.
Tidleg oppe for å ta toget til Hamar. Er spent. Har brukt dei to siste dagane på å lese meg opp på budsjettet (på andre område enn mitt eige), og bruker togturen til å drikke kaffi og repetere (og lære meg nye ord på skatt, arbeid og næring).
På Hamar valde vi å presentere budsjettet på Hedmark kunnskapspark. Der finn vi mange av dei heltane vi må løfte fram og som blir viktige i det grøne skiftet. Gründarar med ein ny idè, som tør å satse, som tør å kombinere kunnskap på nye måtar. Formuen til Noreg er ikkje på havbotnen, men i hovuda til folk. Det er viktig vi har gode rammevilkår for desse menneska.
Midt i blinken å kome hit for ein som er i overkant interessert i avl, mattryggleik og landbruk.
Hjå Hedmark kunnskapspark møtte vi mellom anna bedriften Claylab, som er ei relativt nystarta bedrift som presenterer statistikk og data på ein forståeleg måte ved hjelp av kart. Eit ungt par satsa alt og skapte sine eigne arbeidsplassar innanfor noko dei tykkjer er moro og som dei kan. Slike treng vi fleire av!
Eg er oppteken av at vi politikarar ikkje skal plukke vinnarar. Det er vi elendige på. Som politikar får du ofte spørsmålet: "Kva skal vi satse på?" eller "kva meiner du vi skal satse på?". Svaret på det er at vi som politikarar ikkje er egna til å svare på det. Hadde eg visst kva det lønna seg å satse på, hadde eg vore gründer, ikkje politikar. Det er dei sjølvstendig næringsdrivande som sjølv må finne ut kva dei skal satse på. Og så må vi som politikarar legge til rette for vekst med generelle verkemiddel, som potensielt kan kome alle til gode.
Det er det dette budsjettet gjer. Vi satsar på skatteletter, infrastruktur, forsking og utdanning og ikkje minst ei rekkje gründertitak som kjem gründarar over heile landet til gode. I dag blir det også lagt fram ein gründerplan.
Mange av arbeidsplassane som blir skapt framover kjem til å vere grøne. Eit symbol på det grøne skiftet og dei grøne moglegheitene våre, var møblementet hjå Kunnskapsparken.
I Hedmark og på Innlandet har vi ein stor moglegheit til å utgjere det grøne skiftet. Vi har ofte blitt sett på som å ligge i oljeskyggen, men me ligg absolutt ikkje i den grøne skyggen. Me har ein unik moglegheit til å vere i senter av det grøne skiftet. Moglegheitene er der, og dei må brukast.
Nokre av hovedpunkta i forslaget til statsbudsjett for 2016, som kjem næringslivet til gode:
* Nye skatte- og avgiftsreduksjonar på om lag 9,1 mrd kroner - både til føretak og til privatpersonar. 90 % av alle skattebetalarar får skattereduksjonar.
* Full framdrift på alle store prosjekt innanfor infrastruktur. Vegbudsjettet veks med 18, 5 prosent frå 2015 til 2016.
* Vekst i forfallet på veg stansar i 2015 og blir vidare redusert til neste år. Med forslaget for 2016 vil vedlikeholdsetterslepet på riksveier bli redusert med om lag 2,1 mrd kroner i 2016. Det er flere tiår sidan sist vedlikeholdsetterslepet vart redusert så mykje.
* Vi satsar stort på utbygging av jernbane, og i 2016 blir
vedlikehald prioritert. Vi aukar vedlikehaldet av jernbanen med over tretti
prosent frå 2015 til 2016. Etter åtte år med raudgrøn regjering vaks vedlikehaldsetterslepet på jernbane 1 mrd i året. Vi har redusert dette, og i
2016-budsjettet blir etterslepet redusert med 550 millioner kroner.
* Auke med 400 millioner kroner til ulike gründertiltak - mellom anna 150 millioner kroner til etablerartilskot.
* Samla budsjettauke til gründerskap, kommersialisering og miljøteknologi på over seks hundre millioner kroner.
* Auka løyvingar til forsking og utvikling med 2,1 mrd kroner
* Styrking av SkatteFunn-ordninga
(PS: Det blir ny tur til Hedmark kunnskapspark i november - det var så mange spanande bedrifter innanfor bionæringane der at eg inviterte meg sjølv på nytt besøk).
Kommentarer
Legg inn en kommentar