Plutseleg er eg blitt eitt av desse irriterande menneska som omtaler meg sjølv i tredjeperson. Det skjer sjølvsagt berre i samtale med vesle bebien min, men sidan det stort sett er berre han eg pratar med om dagen, skjer dette heller ofte. - Mammaen din skal berre ein liten tur på do, skjønner du Slik startar dagen når eg må forlate Sigmund åleine i senga vaken og nesten på gråten om morgonen. Eg må fortelje han at eg snart kjem tilbake for å hente han, men at blæra til mammaen hans ikkje er som før og at eg difor må på do. - Du skjønner, Sigmund, at mammaen din er ikkje så flink til å gjere knipeøvingar Vi går inn til stellebordet, og der fortsett det: "No skal mammaen din berre finne fram ei bleie, skjønner du. Mammaen din er så glad i deg. Du er sååååå søt". I løpet av ein dag har eg tatt meg sjølv i å si dette: - Mammaen din er så glad i deg (dette seier eg ofte) - Mammaen din elskar deg - Mammaen din må berre ta på deg lue, skjønner du - fordi det står i Mammabøkene at s
- Hanne Blåfjelldal