I dag var eg på oppdagingsferd inn i ein isbre her på Svalbard. Vi gjekk opp hit. Det tok ein drøy time. Så krabba vi innover og nedover i denne hula. Moro i isbre! Hjelm og hovudlykt må på. Vi gjekk nokre hundremeter innover. Det gjekk bortover og nedover. Flott is vi kunne studere. Isbreen tek med seg mange ting på sin ferd. Her ein stein. Og ein planke! Vanskeleg å ta bilete som viser kor fint det var, men mogleg du får eit inntrykk. Smalt enkelte plassar, men magen passerte. Kjeks- og toddypause inne i breen. På turen nedatt såg me nokre reinsdyr. Dei kunne ikkje brydd seg mindre om oss og beiter berre vidare sjølv om vi er tjue meter unna. Kule dyr! Vi såg forresten ingen isbjørn denne gongen heller.
- Hanne Blåfjelldal