Det var hyggeleg med eit par-tre trugeturar i påska. Det er hyggeleg med snø. Men eg skal innrømme at eg kjenner mest genuin lykke over å sjå snøen forsvinne att. Det flottaste med påska var å sjå at vegen til huset gjekk frå å vere snødekt til å bli slik: Det er noko med den fyrste turen på våren med joggesko. Til tross for at eg aldri har vore så tung som no, følte eg meg her ganske lett til beins. Solbriller på! Og joggesko. Som eg gler meg til fleire slike turar utover våren.
- Hanne Blåfjelldal