I løpet av dei siste vekene, er folk blitt mykje meir opptekne av korleis eg har det. Korleis eg føler meg. Korleis formen er. Om eg gler meg. For meg, som eigentleg meiner at folk bør passe på seg sjølv framfor andre, er det vanskeleg å skulle prate med alle moglege om bekkensmerter, søvnproblem og krampe i leggen (kvar jævla natt!). Eg har likevel skjønt at folk meiner det godt når dei spør, så eg er blitt flinkare etter kvart til å svare høflig (i staden for som i starten når eg svarte: "Det er heilt jævlig, og eg vil eigentleg ikkje prate om det"). Sanninga er at eg er i fin form - tross alt. Eg blir likevel noko sjokkert og lettare forbanna kvar gong nokon kallar det å vere i "lukkelige omstendigheter". Det er ikkje det, ser du! Det er ikkje moro å vekse i alle retningar, føle seg som ei oppblåst pølse, at det strammer over alt og at du må opp kvar einaste natt for å strekke ut dei pokkers leggene fulle av krampe. Det er heller ikkje moro å oppleve at kjæ