Gå til hovedinnhold

Parodiske ordførarar og sjølvstyrande rådmenn

Det beste argumentet for kommunesamanslutning i Valdres akkurat no, er at vi kan minske talet på ordførarar og rådmenn. Mogleg det blir mindre underhaldande for oss innbyggjarane, men det er ingen tvil om at det vil vere betre for Valdres.  

Hadde eg vore meir glad i konspirasjonsteoriar, er det ingen tvil om eg kunne lagd ganske mange i Valdres dei siste månadane. Dei siste vekene har det toppa seg. Er det slik at rådmenn og ordførarar eigentleg er store motstandarar av kommunesamanslutning i Valdres, slik at dei har bestemt seg for å rote til heile prosessen?

I så fall har dei lukkast utruleg bra, og vi kunne lagd politisk tv-drama på høgt nivå med utgangspunkt i prosessane i Valdres.

Eg mistenker dessverre at dei ikkje er så smarte. Eg trur dei har klart å rote det skikkeleg til for seg sjølve. Og dessverre, også for oss innbyggjarane i Valdres. Vi er seks kommunar som har gode føresetnader for samarbeid og for å vise styrke. No ser derimot kommuneleiingane i fem av kommunane ut som forvirra høner som spring i alle retningar og der ingen tek ansvar for noko som helst.

Vi har folkestyre i Noreg. Det er innbyggjarane i ein kommune som skal styre gjennom sine folkevalde, nemlig kommunestyret. Kommunestyret vel ein ordførar, som skal leie kommunen. Ordføraren er slik innbyggjarane sin representant og den som har det øvste ansvaret i ein kommune. Han eller ho treng sjølvsagt hjelp til den daglege drifta. Difor er det tilsett ein rådmann som skal leie administrasjonen på vegne av kommunestyret. Han skal utøve makt på vegne av innbyggjarane, altså kommunestyret.

Problemet oppstår når rådmenn trur dei kan opptre på vegne av seg sjølve. Når dei begynner å leike ordførarar. Når dei begynner å leie prosessar og uttale seg på tvers av politikarane sine. Når dei begynner å styre prosessar stikk i strid med det politikarane ønskjer og slenger med kjeften både i den eine og andre retninga. Dei øydelegg for seg sjølve, dei øydelegg for kommunen sin, dei stiller ordføraren sin i eit dårleg lys – og no er enkelte av dei i ferd med å øydelegge for ein felles Valdreskommune.

Det er likevel ikkje rådmenna sin skuld at det er blitt slik. Manglar du ein øvste leiar som faktisk tek leiing, vil dei tilsette etter kvart begynne å styre seg sjølve. At enkelte rådmenn i Valdres ikkje berre opptrer parodisk, men som trassige småkongar, er fyrst og fremst dei folkevalde, og spesielt ordførarane, sitt ansvar.

Eg trur vi har ei rekkje ordførarar i Valdres som meiner det godt. Dei ønskjer oppriktig ein Valdreskommune, men dei har fullstendig mista styring. Både over prosessen og tydeligvis også sine eigne tilsette.  

Ordførarane burde tydeligvis ikkje gjeve så mykje ansvar til sjølvgode rådmenn, som nok meiner at alt ville blitt så mykje betre om dei sjølve hadde fått styre og hadde sloppe plagsame politikarar og journalistar. Politikarar som set spørsmålsteikn ved avgjerder dei tek og journalistar som attpåtil siterer det dei seier, utan at dei sjølve har bede om det!

Vil ikkje rådmannen høyre på kommunestyret, har kommunestyret eigentleg ein ganske enkel jobb. Dei ber rådmannen gjere som dei seier. Gjer han ikkje det og dei ikkje har tillit til han lenger, må dei byte han ut. Så enkelt er det, men truleg veldig vanskeleg i ein liten kommune, der politikarane er særs konfliktsky.

At vi ikkje har sett mistillitsforslag mot ein eller fleire rådmenn i Valdres-kommunane, er for meg fullstendig uforståeleg. Men det kan jo vere at eg er farga av det eg les i den løgnaktige lokalavisa, som enkelte rådmenn likar å framstille ho som. 

Eg har alltid vore tilhengjar av ein felles Valdreskommune. Eg trur på sterkare fagmiljø og eg har tru på Valdres som merkenamn for å tiltrekke seg fleire innbyggjarar og meir kompetanse. Det er ikkje vanskeleg å sjå at prosessen som har vore i Valdres til no har vore særs dårleg, men eg har eit håp om at resultatet kan bli bra.

I den rådgjevande folkerøystinga som snart skal vere, kjem eg til å seie ja til kommunesamanslutning. Eg er redd eg blir i mindretal. Det vil seie at vi framleis står i fare for å ha seks ordførarar og seks rådmenn i Valdres, sjølv om vi alle no ser at ein av kvar hadde vore meir enn nok.



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Too good to go

Denne veka har eg med Sigmund (snart 1 år) på jobb i Oslo. Slik må det nesten bli når eg har vakt, men ikkje barnevakt. Sigmund storkosar seg med å klatre opp trappa til kommunikasjonsavdelinga, mens eg spring etter. I dag fekk eg lese nokre aviser mens Sigmund såg på Pudding-tv. Poenget er at det er svært lite å få gjort av jobbting før etter Sigmund har lagt seg klokka 18. Difor tenkte eg at eg skulle gjere halvveis jobbrelaterte ting som er mogleg å kombinere med å underhalde ein svært aktiv liten krabat. I dag bestemte eg meg difor for å teste appen "Too good to go". For de som ikkje veit kva dette er, så er det altså ein teneste som formidlar kontakt til bakeri, restauranter og hotell, der du kan få kjøpt overskotsmat til ein billig penge. Anten frå det som er att i bakeriutsalet eller som er att etter hotellfrukosten. Fyrste tips; ver tidleg på om morgonen. "Pakkene" blir fort utseld (spesielt hjå bakeria), så du bør legge inn bestillinga di tidleg om morgon

Vurdering av årets finale i Melodi Grand Prix

Seinare enn det brukar, men finalen i årets MGP kom likevel brått på. Fire timar på buss laurdagsformiddag gjev meg likevel tid til å trille terning. Her er poenga frå Hanne-juryen i år. Aleksander Walmann - Talk to the hand Med fare for å virke som ei gammal sur dame, er dette slik nymotens musikk eg ikkje skjønner meg på. Dette er så flatt og så kjedeleg. Mambojambo er kanskje kult å synge for kidza, men ikkje for meg.  Terningkast: 2  Charla K - Stop the music Dette er fint. Faktisk kjempefint dess meir du høyrer på songen. Og det verkar så proft og så gjennomført! I MGP likar eg vanlegvis glitter og mas, men dette må då vere kveldens favoritt? Terningkast: 5  Alejandro Fuentes - Tengo Otra Eg digger jo latino og denne songen er ein sang som hadde vore på spelelista mi når eg jogger, men utan at eg ville gjeve songen så mykje oppmerksemd. Det er halvpent, men ikkje så mykje meir enn det.  Terningkast: 3 Ida Maria - Scandilove Hurra! Endeleg ein

Hanne tester trappene i Høyanger

Høyanger er visstnok kjend for sine trapper. Dette heng saman med vatnforsyning og industri (eg skal finne ut meir om dette når eg skal på industrimuseet seinare i veka). Det er to trapper i Høyanger. Ei med omlag 1250 trappetrinn og ei med 2500 trappetrinn. Optimistisk som eg er bestemte eg meg for å teste den lengste av dei. Dette bilete er take rett etter at eg har gått heimanfrå. Eg bur i eit bustadområde rett på venstresida av bileteramma. Trappa kan du sjå der langt framme på fjellet omtrent midt i biletet. Du ser det som ein grå strek som går oppover. Elva er også rett ved der eg bur, og eg såg mange fiskarar på vegen fram og attende (fisking rett utanfor stovedøra, bokstaveleg talt!). Høyanger sentrum ligg i motsatt retning, altså der elva renn ut i fjorden. No ser du at eg nærmar meg. Også eg begynner å tru at det er håp om at eg skal kome fram. Litt skeptisk på om det er lov til å gå inn på området nå, og tenkjer: "neinei, eg må snu!". Då ser