Eg har trappa ned på talet innlegg, taler og foredrag dei siste vekene. Det er bra. Lungene mine har rett og slett ikkje kapasitet til slikt lenger. For meg, som pratar raskt og energisk, er det krevjande å ta pauser for å puste. Det som overraskar meg mest med å vere gravid, er dette underskotet på luft heile tida. Javisst taklar eg å bli andpusten av å gå opp ei trapp (det er eg delvis vant til). Men andpusten av å prate? Det er uvant! Nokon vil sikkert meine det er taleteknisk lurt å ta pauser når du prater. Slik sett er eg kanskje blitt ein betre taler av dårlegare lungekapasitet. I dag har eg halde innlegg på engelsk på Trondheimskonferansen om biologisk mangfald. Dobbel utfordring. Det gjekk heilt fint, altså. Men det gjekk sakte. Og eg trur det enkelte gonger kunne høyrast ut som eg var rørt og følsom, mens eg eigentleg berre snappa etter luft. Kanskje ikkje dumt, når alt kjem til alt. Å stumpe røyken kompenserer ikkje for ein baby som krev sin plass. Eg satsar i alle fall
- Hanne Blåfjelldal