Mens eg i vinter har halde meg langs vegane (eller på trugene) når eg har gått tur i mitt nye heimområde, var tida i helga kome til å utforske ein av dei mange skogsvegane.
Og veit de kva? Eg følte meg som eg bur i urørt natur då eg spaserte langs vegen. Trond klarte til og med å skremme meg med at det snart kom til å dukke opp bjørn og andre ville dyr.
Og veit de kva? Eg følte meg som eg bur i urørt natur då eg spaserte langs vegen. Trond klarte til og med å skremme meg med at det snart kom til å dukke opp bjørn og andre ville dyr.
Du er eigentleg ganske nært innpå menneske, men når du går inn i skogen er plutseleg alt du høyrer fossebrus og du føler at du bur midt i eit villmarksparadis. Og ja, så høyrer eg også kjærasten som syng: "Nei, så tjukk du har blitt" til ære for meg.
Eg gler meg allereie til neste helg (og ikkje minst til permisjonen snart startar) når eg skal utforske endå fleire veger og stigar i Heggenes. Då skal eg driste meg til å forlate skogsvegen og gå mine eigne vegar.
No går turen til Trondheim for konferanse om biologisk mangfald. Så ikkje berre har eg fått gått i biologisk mangfald i Valdres i helga. I morgon skal eg også få prate om og lære meir om biologisk mangfald.
Kommentarer
Legg inn en kommentar