1. Finland
Sandhja - Sing it awayLett likande poplåt, som du har gløymt omlag eitt sekund etter du har høyrt låta. Du får kjensla av at du har høyrt dette før, og at du eigentleg ikkje treng høyre det att.
Terningkast: 3
2. Hellas
Argo - Utopian landHellas brukar ofte å stille med låtar som eg likar. Anten det er lettkledde syngedamer eller testosteronsprengte ompa-ompa-fyrar. Dette her veit eg ikkje heilt kva er, men det startar bra. Litt folkemusikkpreg, men så blir det berre verre og verre. Dette er grusomt. Det er korkje fin syngedame (trur eg) enn ompa-ompa.
Terningkast: 1
3. Moldova
Lidia Isac - Falling starsTydeligvis ei syngedame som likar å vise kor flink ho er. Det høyrast i starten ut som syngejukking, eller kva du kallar det. Referenget er betre enn verset. Men dette blir ikkje meir enn midt på treet dette heller (som så mykje i denne semifinala).
Terningkast: 3
4. Ungarn
Freddie - PioneerEg brukar ofte å like Ungarn. Men eg likar dei best når dei sender noko folkemusikkprega musikk med sære instrument og kor. Dette er ein syngetype, som ikkje gjør så mykje meir ut av seg enn å synge. Sangen er, nok ein gong, midt på treet.
Terningkast: 3
5. Kroatia
Nina Kraljic - LighthouseKroatia + ei dame som heiter Nina og noko eg ikkje klarar å uttale. Eg har store forhåpningar før eg høyrer låta. Og det startar fint. Det minnar meg om ein blanding av Bertine Zetlitz og noko anna eg har høyrt, men ikkje hugsar kva er. Eg likar dette. Ikkje supert, men betre enn gjennomsnittet. Beste song så langt!
Terningkast: 4
6. Nederland
Douwe Bob - slow downNederland er eit morosamt land. Dei har ofte sendt gode låtar, men dei når aldri opp. Det blir liksom for rart. Europa skjønner det ikkje. Det gjer dei nok ikkje i år heller. Men eg skjønner dykk, Nederland! Kom til meg. Dette er koseleg. Litt retro, men koseleg som berre det.
Terningkast: 4
7. Armenia
Iveta Mukuchyan - LoveWaveÅjåjåj. Her startar vi med viskesynging. Og så veit eg ikkje heilt kva det blir etter det. Kva prøver denne låta eigentleg å vere? Dette er rart. Og ikkje på ein god måte. Men det ser ut som ho er ei pen dame, så eg tippar dei går vidare.
Terningkast: 2
8. San Marino
Serhat - I didn't knowI går høyrte eg og kjærasten gjennom ESC-låtene (han er snill i blant). Då denne starta sa eg til han: "Det er jo nesten som Nick Cave dette. Men Nick Cave burde lært av han her og rocka opp låtene litt meir i refrenget". Kjærasten min er stor Nick Cave-fan, og eg sa dette berre for å vere morosam, og for å få han sint. Serhat prøver å vere Nick Cave kan det verke som, og det lukkast ikkje. Det er ikkje mørkt, dette. I alle fall ikkje på ein god måte. Det blir berre tåpeleg. Garantert ikkje vidare.
Terningkast: 2
9. Russland
Sergey Lazarev - You are the only oneDette har eg likt frå fyrste gong eg høyrte låta. Eg visste ikkje det var Grand Prix. Eg visste ikkje det var Russland. Det veit eg no. Og det er denne låta som kjem til å vinne i år. Det er supert. Det er Russland. Det er årets vinner, og det er betre enn sist dei vann. Heia Russland!
Terningkast: 6
10. Tsjekkia
Gabriela Guncikova - I standEg orkar ikkje å høyre fleire låter om "monsters inside my head". Det blir for dumt. Det er ikkje stygt, altså. Det blir berre tåpeleg.
Terningkast: 3
11. Kypros
Minus-one: Alter egoWannabe-rockere. Prøver å vere litt The Killers, og det fungerer forsåvidt. Denne låta er av dei betre i denne semifinalen.
Terningkast: 5
12. Østerrike
Zoe - Loin d'iciKoseleg låt, som minner litt om Helene sine låter i "Helene-gutta", men der eg kanskje vil rangere Helene sine eit hakk høgare. Det er ikkje dårleg dette, men det er ikkje bra heller
Terningkast: 3
13. Estland
Juri Pootsmann - PlayEstland brukar alltid å ha fine lytteverdige låtar, som er slik midt på treet. Eg trur dei vann ein gong, men den låten er det ingen som hugsar. Ingen kjem til å hugse denne låta heller. BORING!!
Terningkast: 2
14. Aserbajdsjan
Samra - MiracleDette landet, som eg aldri klarar å skrive rett, sender stort sett alltid låtar det er lett å like til ESC. Dette er ein lett fordøyeleg poplåt, som forsvinn i mengden, men det kan enkelte gonger vere positivt i denne musikkonkurransa.
Terningkast: 3
15. Montenegro
Higway - The real thingDet gjør så vondt, så vondt! Kva prøver dei å vere? Alice in Chains? (eller Alice in change, som eg kallar dei når kjærasten insisterer å høyre på det i bilen). Hadde eg ikkje vore gravid, hadde dette garantert vore røykepause. Du får lyst til å rive av deg eit eller anna eller innta noko sterkt. Eg tek ein urtesnus og går på do.
Terningkast: 1
16. Island
Greta Salome - Hear them callingVi liker alltid Island. Dei sender alltid noko med kvalitet og som kan vere fint å høyre på. Også i år. Men også dette er anonymt synge-dame-aktig, som ikkje stikk seg ut på nokon måte.
Terningkast: 3
17. Bosnia Hercegovina
Dalal & Dean - Ljubav je...Eg er svak for felespelet i starten. Eg er også svak for synging på slavisk (hugsar du Boris Novkovic i 2015? Beste låta som aldri vann!). Dei øydelegg imidlertid fullstendig med noko slags håplaus rapping midt i låta. Dette ville blitt ein firar, viss det ikkje var for akkurat det.
Terningkast: 3
18. Malta
Ira Losco - Walk on waterKjedeleg. Dette er også ein av desse midt-på-treet-poplåt-framført-av-syngedame. Eg blir ikkje imponert. Det er til og med mogleg eg må gå på do.
Kommentarer
Legg inn en kommentar