1. Latvia
Justs Sirmais - HeartbeatElektronika? Eller noko slikt...det gjev ikkje meg støt, akkurat. Det er kjedeleg. Eg sovner, trur eg.
Terningkast: 2
2. Polen
Michael Szpak - Color of your lifeEg likar slike svulstige ballader med litt tempo slik at dei ikkje blir heilt døde. Dette er betre enn på lenge, Polen. Jada; dette er så klisjefyllt at det nesten blir kvalmt ("Tell me, black or white?"). Og ja; eg er litt øydelagt!
Terningkast: 4
3. Sveits
Rykka - The last of our kindNok ein av desse poplåtene frå kvinnelege artister i årets konkurranse, som eigentleg ikkje gir så mykje meir enn tre minutt med sang. Denne er riktignok litt betre og litt meir lyttevenleg enn dei eg har høyrt før. Det er eit eller anna i låta som seier meg at dette er litt meir kvalitet
Terningkast: 4
4.Israel
Hovi Star - Made of starsBobyband-feeling! Og det likar eg. Dette er også svulstig, men eg er tydeligvis i det humøret og i den tilstand at eg likar det sentimentalt. Ja, la meg gråte! NO! "We are all made of stars" (nei, vi er vel eigentleg ikkje det, men eg kjøper det!).
Terningkast: 4
5. Hviterussland
IVAN - Help you flyStarten er fantastisk - nydeleg musikk og "I will help you learn how to fly". Så er det taktskifte, og det likar ikkje eg. Ikkje i det heile tatt. Men dette er betre enn dei fleste låtene i semifinale 1, og eg trillar terning som eg har gjort så mange gonger før her.
Terningkast: 4
6. Serbia
ZAA Sanja Vucic - Goodbye (Shelter)Me like! Det er noko med melodien. Det er noko med måten å synge på. Dette er fint å høyre på. Du blir ikkje i godt humør, men du får lyst til å drikke ein ekstra god klunk med vin.
Terningkast: 5
7. Irland
Nick Byrne - Sunlight
Irland bruker å stille med gode nok bidrag. Det er lenge sidan dei var i toppsjiktet, men dei sender alltid middels gode bidrag. Det gjer dei også i år. Pluss litt til. Denne låta har vekse på meg. Det er faktisk ganske bra. Eg får litt One Direction-kjensle. Og det er jo akkurat det ei jente på 34 år likar!
Terningkast: 5
8. Makedonia
Kaliopi - DonaDet er vel ingen tvil om at denne semifinala er den definitivt beste av dei to. Radikalt betre! Dette er også ein song som festar seg til hjerna med sitt repeterande refreng, som minnar om italienske smørsongar.
Terningkast: 4
9. Litauen
Donny Montell - I've been waiting for this night
Eg tok feil i stad. Det er denne låta her som minnar om One Diresction! Det er tydeligvis noko med meg og Boyband. Verset kjedeleg her, men refrenget er flott. Vi likar dette!
Terningkast: 5
10. Australia
Dami Im - Sound of silence
Er det Enya? Eller er det berre ein Disney-låt? Nei - det er Australia! Velkomen til Europa dykk frå Down Under. De skal få bli her hjå oss!
Terningkast: 4
11. Slovenia
MaunElla - Blue and RedTaylor Swift hadde ei plate som heitte Red. Her legg vi til litt Blue, og vi får litt meir country enn Taylor. Dette er, etter mi meining, denne semifinala sin beste låt. JIPPI! Eg blir glad! Eg heng over stemmeknappen og sender inn 11. 11! 11!!
Terningkast: 6
12. Bulgaria
Poli Genova - If love was a crimeSvulstig tittel gjør jo at forventingane er forholdsvis låge før eg lyttar til låta. Og dette startar som noko eg vil tru ungdomsskuleelevar høyrer på - altså noko som er på topp 20-lista. Eventuelt litt Scooter-inspirert (referanse fungerer berre for oss mellom 25 og 40). Elles er dette ganske kjedeleg.
Terningkast: 3
13. Danmark
Lighthouse X - Soldiers of Love
Danske Grand Prix-låter slår til slik omlag kvart 15.år. Det blir nok ikkje eit unntak i år.Men kva i alle dagar er det med meg? Eg høyrer One Direction i alle låter i år. Er eg øydelagt eller er ESC øydelagt? Dette er det næraste vi kjem One Direction så langt i årets konkurranse. Og det er jo ikkje nødvendigvis ei ulempe for ei dame på 34 år.
Terningkast: 4
14. Ukraina
Jamala - 1944Dette må vere årets mest oppskrytte låt. Altså; eg har sympati for Ukraina og alt det der, men sorry; Russland er best i Grand Prix, altså. Dette er grusomt. Og grusomt kjedeleg. Eg skjønner ikkje kor anmeldarar og ekspertar finn kvaliteten her.
Terningkast: 1
15. Norge
Agnete - Icrebreaker
Sorry, Agnete. Du er søt og alt det der. Men låta er ikkje bra nok. Eg håper sjølvsagt alltid Noreg gjer det bra, og vi går nok til finala. Eg også kjem til å sitje med gåsehud når du opptrer, og eg heiar sjølvsagt på deg, Agnete. Men det er berre midt på treet, og refrenget blir for kjedeleg.
Terningkast: 3
16. Georgia
Nika Kocharov & Young Georgian LolitazWhat? Kven er det som syng dette, sa de? Eg må riste av meg skepsisen og skride til låta med null fordommar. Georgia er eit rart land i MGP. Det er dei i år også. Dette er ikkje fint.Dette er grusomt!
Terningkast: 1
17. Albania
Eneda Tarifa - FairytaleNei, det er ikkje Rybaks Fairytale. Så langt derifrå. Det er ikkje eit vakkert eventyr. Det er ikkje ein gong eit eventyr. Gjesp.
Terningkast: 2
18. Belgia
Laura Tesoro - What's the pressureFeelgood-music. Du får lyst til å danse. Minnar litt om UK sitt bidrag i fjor. Får ein kjensle av 80-tal kombinert med litt Sophie Ellis-Bextor.
Kommentarer
Legg inn en kommentar