1. Stillheiten
Det er stille når eg legg meg. Det er stille når eg står opp. I løpet av dagen er det einaste eg høyrer rauting frå storfe og fuglekvitter. Enkelte gonger (og spesielt på sundagar) høyrer vi også grasklyppardur. Lyden av traktor er som musikk. Det gjer ingenting. Eg elskar det!
Dei siste vekene i Oslo held eg på å klikke. I tillegg til at leiligheten var glovarm, var det bråk gjennom heile natta. Fulle folk som song. Damer som stod å gaula ute i bakgården. Hissige menn som skreik til kvarandre. Og brannalarm. Alltid ein eller annan pokkers brannalarm. Eller bilalarm. Eg saknar det ikkje eit sekund!
2. Frisørrekninga
I går var eg hjå frisøren. Dei siste åra har eg alltid gått til frisør i Oslo. No var det på tide å gå til frisør i Heggenes. Eg farga håret og klypte det. 900 kroner kosta det. 900 kroner!! Eg hugsar ikkje kva eg har betalt for det same i Oslo, men vi pratar over det dobbelte.
Eg held på å dette av stolen. Eg hadde ein mistanke om at det var billigare enn i byen, men at det skulle skille så mykje, hadde eg ikkje trudd. Så folkens med hytte på bygda; legg frisørturen hit neste gong de skal på fjellet.
3. Å køyre bil
Eg tek buss når eg reiser fram og tilbake til Oslo kvar veke. Bilen står att heime i Heggenes. Eg orkar ikkje køyre bil i Oslo. Eg blir stressa av det (trur eg - eg har ikkje turt å prøve). Her er eg rolig (stort sett) når eg køyrer bil. Det er aldri stress å finne parkeringsplass. Det er enkelt å finne fram og folk er ikkje stressa. Bortsett frå dei som skal til Beitostølen på helgetur og som tydeligvis aldri kan kome fort nok fram i sine glis av nokre bærumstraktorar. Dei om det. Eg, for min del, begynner no å setje pris på å køyre bil. Og eg stressar ikkje. Eg er avspent. Til og med i kjeven.
4. Å skravle på butikken
Eg begynner å setje pris på at vi nesten alltid treff folk vi kjenner på butikken og som vi då stoppar og skravlar med. Gjerne lenge. Det er noko så ekte og jovialt med det, og eg begynner å like det.
5. Gåturane
Det er hyggelegare å gå på tur på bygda enn i byen. To minutt gange og du er i skogen og føler at du kan risikere å møte på bjørn eller elg kvart augenblikk. Gjett om eg gler meg til eg får lungene mine tilbake og skal utforske turterrenget i nærområdet dei neste månadene.
6. Trond
Det er tross alt her kjærasten min bur og jobbar. Eg har sakna han kvar einaste dag eg har vore i Oslo. No er vi saman på vekedagane også, og ikkje berre i helgene. Kvar morgon drikk vi kaffi i lag. Eg elskar å sjå ut glaset og sjå at han er ute og ryddar, fikser bil, klypper graset eller gjer andre ting i huset vårt. Eg føler at eg høyrer heime ein plass - og at det faktisk er der eg bur på heiltid - ikkje berre frå fredag til måndagsmorgon.
7. Du veit kven handverkaren er
Alt står på hovudet i huset vårt. I alle fall i 2.etasje. No har vi riktignok endeleg fått golv, veggene er snart på plass og kanskje kjem badet i løpet av sommaren. Trond har gjort ein del, men vi har måtte leigd inn mykje hjelp. Det har Trond gjort. Han veit kven han hyrar inn. Det kjennast trygt. Mykje tryggaren enn å gamble på ein eller annan handverkarar du finn via mittanbud eller liknande i Oslo. Det kan bli både dyrt og dårleg.
8. Stor hage, som ikkje kostar skjorta
Herregud, så herleg det er å ha stort hus. Du kan gå rett ut i hagen og legge deg på solsenga. Må du på do, kan du gå inn att. Vil du ha vannmelon, hentar du det på kjøkkenet ditt. Eg hugsar sommaren i Oslo i fjor, på ettermiddagane etter jobb. For å få meg sol, måtte eg pakke med meg alt eg trengte, og gå opp i parken og finne meg ein flekk å ligge på. Slitsomt og upraktisk. Her har eg grill, solseng, møbler, gras og alt eg treng til ein perfekt sommardag, på min eigen eigedom!
9. Du slepp å vise leg. for å hente pakke på posten
Eg har handla mykje på internett dei siste månadene. Ebay, I love you! Har det kome pakke til oss, vil dama på Joker berre opplyse oss om at det har kome pakke og spør om vi skal ha den med oss. Vi slepp vise noko som helst for å identifisere oss, og treng ikkje finne fram det irriterande referansenummeret. Er Trond på butikken, kan han hente ut pakke som er komen til meg. Kunne ikkje gått i byen, nei!
10. Tempoet
Tempoet er skrudd ned fleire hakk her. Folk har betre tid. Folk stressar ikkje. Vi må liksom ikkje rekke alt mogleg rart, eller kanskje er det at vi prioriterer å ta oss tid? Treff vi folk på butikken vi må prate med, så får det ta den tida det tek. Ingen ser på klokka og seier "nei, no må eg rekke ditt eller datt". Når Trond skal på saget eller andre ærend, er det nesten så eg vurderer å sende ut etterlysning når han ikkje er tilbake etter to timar. Men eg har begynt å lære at han som regel treff nokon han må prate med, eller han finn ut at han må innom bror sin for å fikse eller hente noko, eller fikse noko Trollrock-greier i sama slengen. Vi har ingen strikt plan på bygda. Vi berre gjer det som må gjerast, nemlig.
Kommentarer
Legg inn en kommentar