Det fine med å vere gravid, er at ein kan ete litt ekstra. I alle fall no mot slutten har eg ingen skruplar med å ete både kjeks, potetgull, og ikkje minst iskrem. No tenkjer eg berre; herregud, kor mykje kan eg legge på meg dei siste dagane? Og ikkje minst; "Når ungen er ute blir det berre gulrøtter og trilleturar. Eg skal ned i vekt, og det fort". Så eg føler at siste sjanse til å unne seg litt ekstra kaloriar, er i desse siste dagane. Dessutan kjeder eg meg. Og når ein kjeder seg, er det lov å kose seg.
Eg har ete ekstremt mykje is dei siste månadene. Favoritten er softis. Eg kunne ete softis heile tida. Eg sa på tull til Trond at eg skulle kjøpe meg softismaskin, og eg har aldri fått styggare blikk. Trond held på å få noia kvar gong vi er på Fagernes - kvar gong et eg softis. Han er nemlig (han har ikkje sagt det høgt, men eg ser det på han at han tenkjer det) forundra over kor tjukk det er mogleg at eg kan bli, og er ein smule bekymra over om eg snart kjem til å sprekke.
Trond er slank som ein gresk gud - eg ser meir og meir ut som ein Buddha-statue. Og ja; eg er tyngre enn kjærasten min om dagen. Og nei; eg har ikkje tenkt til at det skal vare evig! Men eg blir deprimert av det, og når ein er deprimert, treng ein is!
I går spurte eg han om han ikkje trengte noko verktøy eller eit eller anna på Beitostølen. Eg fann nemlig ut at det eg hadde mest lyst på i heile verda akkurat då, var pistasjis med sjokoladebitar. Det einaste som fekk meg til å ikkje reise, er redselen for at eg skal køyre av vegen. Passe dust, tenkjer eg, om eg og babyen døyr dagen før termin fordi eg berre måtte ha is. Det er liksom ikkje slik eg ønskjer Trond skal hugse meg.
Eg har hatt med ein stor dunk Ben and Jerry-is som niste på bussen heim. Eg har ete is til lunsj på jobb (hadde så halsbrann også, så ekstra god unnskuldning er det då med is). Vaniljeis med knust sjokoladekjeks vart ein slager i helgene heime. Eg har ete pinneis, sandwich-is, kroneis. Eg har ete is i smug for Trond. Og ikkje si det til nokon, men ein gong når bussen hadde stopp på Fagernes, sprang eg inn på kafeen på skysstasjonen og kjøpte meg kuleis.
"Du skjønner det, Trond, eg kjenner ikkje babyen. Eg må ete is for å kjenne om han lev inni der". Babyen vakner nemlig til liv når eg et is. Eg meiner det er eit teikn på at babyen også elskar is. Trond bruker å seie at det er eit teikn på at babyen har det vondt - at han er lei av is og at han meiner han har fått nok. "Han blir plaga av all den isen, Hanne", seier Trond.
Det morosamme oppi alt dette her, er at Trond også er blitt litt hekta på is. Han insisterer no på at vi kjøper med ein pakke med porsjonsis på butikken. I motsetning til meg, klarar han seg nemlig med ein liten is. Ein porsjonspakning med is for meg er nemlig eigentleg ein to-litring - ikkje ein bitte liten kroneis. Eg trur nemlig Trond sitt sleipe triks for å få meg til å ete mindre, er å insistere på ein pakke med 12 pin up i. Då føler eg nemlig eg ikkje kan ete meir enn han. Og Trond et (sjølvsagt) berre ein is om dagen.
Her om dagen var det imidlertid heilt tomt for is. Trond hadde tatt den siste isen. Eg måtte lage is av frossen banan. Eg har aldri vore meir deprimert i heile mitt liv.
Men kor tjukk kan ein eigentleg bli av to liter is om dagen? Det er det eg skal forske på dei siste dagane før babyen kjem. Og viss Trond har rett i teorien om at babyen eigentleg ikkje likar is så godt, betyr det at han bør kome seg ut av magen min snart. Ute i virkeligheita blir det nemlig svært lite iskrem. Mammaen hans må nemlig på slankekur.
Eg har ete ekstremt mykje is dei siste månadene. Favoritten er softis. Eg kunne ete softis heile tida. Eg sa på tull til Trond at eg skulle kjøpe meg softismaskin, og eg har aldri fått styggare blikk. Trond held på å få noia kvar gong vi er på Fagernes - kvar gong et eg softis. Han er nemlig (han har ikkje sagt det høgt, men eg ser det på han at han tenkjer det) forundra over kor tjukk det er mogleg at eg kan bli, og er ein smule bekymra over om eg snart kjem til å sprekke.
Trond er slank som ein gresk gud - eg ser meir og meir ut som ein Buddha-statue. Og ja; eg er tyngre enn kjærasten min om dagen. Og nei; eg har ikkje tenkt til at det skal vare evig! Men eg blir deprimert av det, og når ein er deprimert, treng ein is!
I går spurte eg han om han ikkje trengte noko verktøy eller eit eller anna på Beitostølen. Eg fann nemlig ut at det eg hadde mest lyst på i heile verda akkurat då, var pistasjis med sjokoladebitar. Det einaste som fekk meg til å ikkje reise, er redselen for at eg skal køyre av vegen. Passe dust, tenkjer eg, om eg og babyen døyr dagen før termin fordi eg berre måtte ha is. Det er liksom ikkje slik eg ønskjer Trond skal hugse meg.
Eg har hatt med ein stor dunk Ben and Jerry-is som niste på bussen heim. Eg har ete is til lunsj på jobb (hadde så halsbrann også, så ekstra god unnskuldning er det då med is). Vaniljeis med knust sjokoladekjeks vart ein slager i helgene heime. Eg har ete pinneis, sandwich-is, kroneis. Eg har ete is i smug for Trond. Og ikkje si det til nokon, men ein gong når bussen hadde stopp på Fagernes, sprang eg inn på kafeen på skysstasjonen og kjøpte meg kuleis.
Meg og softis. Min store kjærleik om dagen.
Det morosamme oppi alt dette her, er at Trond også er blitt litt hekta på is. Han insisterer no på at vi kjøper med ein pakke med porsjonsis på butikken. I motsetning til meg, klarar han seg nemlig med ein liten is. Ein porsjonspakning med is for meg er nemlig eigentleg ein to-litring - ikkje ein bitte liten kroneis. Eg trur nemlig Trond sitt sleipe triks for å få meg til å ete mindre, er å insistere på ein pakke med 12 pin up i. Då føler eg nemlig eg ikkje kan ete meir enn han. Og Trond et (sjølvsagt) berre ein is om dagen.
Her om dagen var det imidlertid heilt tomt for is. Trond hadde tatt den siste isen. Eg måtte lage is av frossen banan. Eg har aldri vore meir deprimert i heile mitt liv.
Men kor tjukk kan ein eigentleg bli av to liter is om dagen? Det er det eg skal forske på dei siste dagane før babyen kjem. Og viss Trond har rett i teorien om at babyen eigentleg ikkje likar is så godt, betyr det at han bør kome seg ut av magen min snart. Ute i virkeligheita blir det nemlig svært lite iskrem. Mammaen hans må nemlig på slankekur.
Kommentarer
Legg inn en kommentar